Rulleskitrening
Etter litt lavare interesse for langrenn og meir fokus på andre idrettsgreiner dei siste åra satsar skigruppa i Sunnylven IL på å få fram nye storløparar igjen.
Fredrik Stadheim – 20.09.2014 09:37:23
Sunnylven IL har alltid vore eit idrettslag med gode langrennsløparar. Som eit ledd i satsing mellom unge talent og motivering av nye toppløparar i langrenn får skigruppa besøk av Geir Tony Tomren frå Tomrefjord IL, langrennsløpar og no styremedlem i langrennskomiteen i Møre & Romsdal skikrets.
Vi har fått tilsendt denne orienteringa frå Skigruppa:
«Tysdag 23. september møter vi på klubbhuset kl. 17.30. Møre og Romsdal skikrets v/ Geir Tony Tomren kjem då med 20 par skøyte-rulleski
til born og tilbyr gratis lån denne kvelden.
Dette er eit lavterskeltilbod på rulleski for aldersgruppa 8 – 13 år, med fokus på sikkerheit og morosam tilnærming til langrenn.
( Vi møter alle som har vore med på rulleskitreningane – uansett alder ) .
Denne økta varer til kl. 19.00 og det er viktig at foreldra er tilstades.
Frå kl. 19.00 til kl. 20.30 i klubbhuset på Hellesylt stadion vil Tomren gå gjennom utviklingstrappa til Norges Skiforbund.
Her møter leiarar, trenarar og foreldre, og gjerne andre som er interesserte.
Vel møtt til ein lærerik kveld !
Med sportsleg helsing Skigruppa .»