Siste cruisebåtbesøk i år

Thomson Spirit var siste cruisebåt på Hellesylt i år. Geiranger får besøk av fem til med Amadea som siste 25. september.

Thomson Spirit var siste cruisebåt på Hellesylt i år. Geiranger får besøk av fem til med Amadea som siste 25. september.

Onsdag 10. september var Thomson Spirit innom Hellesylt cruisekai som siste turistbåt i år.

Fredrik Stadheim  –  10.09.2014 11:20:55
Thomson Spirit hadde 1400 passasjerar om bord. Nokre gjekk på land for å ta den klassiske bussturen frå Hellesylt om Nordfjord til Geiranger, og nokre la i veg på sykkel opp Sunnylvsbygda til Flofjellet.

Inge Hole, driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF var bortreist i anna oppdrag, så sjef for kaimannskapet ved det siste båtbesøket var Bente Bonsaksen.
Alt med fortøying og avgang for det 215 meter lange skipet gjekk som det skulle.

-Det er litt vemodig at det var siste båt for i år. Då veit vi at ein lang vinter står for døra. Dei fire-fem månadane med besøk av cruiseskip har gått kjempefort og utan uhell av noko slag.
Vi håper Stranda Hamnevesen er fornøgd med det vi har gjort og at vi får jobben også neste sesong, for vi har hatt det kjempekjekt på kaia.
Det er nesten så vi gleder oss til mai og neste år alt. seier Bente Bonsaksen.

117 cruiseskip har vore innom Hellesylt i 2014-sesongen . Rundt 80 av dei har lagt til ved cruisekaia.

Neste sesong har 106 skip meldt sin ankomst til Hellesylt så langt, og minst like mange som i år vil til kai, syner cruiselista til Stranda Hamnevesen KF.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380