Starta med trimtur

Dette er test på chat

Eldste deltakar, Arnfinn Tryggestad saman med unge trimmarar, frå venstre Ingeborg, Sander og Kristen. To enno yngre, Fredrik og Ane vart ikkje med på bildet.

Eldste deltakar, Arnfinn Tryggestad saman med unge trimmarar, frå venstre Ingeborg, Sander og Kristen. To enno yngre, Fredrik og Ane vart ikkje med på bildet.

Veke 39 er Saniteten si årlege veke. Då inviterer Sunnylven sanitetslag til fleire arrangement, det fyrste var trimtur.

Fredrik Stadheim – 24.09.2014 22:01:40

Tema for Saniteten si veke i år er «Saman mot vald». Sunnylven sanitetslag har valt å halde på sine tradisjonelle tilskipingar med trimtur på Hellesylt, kaffistund på Omsorgssenteret og utdeling av panneband til alle elevar i 1. klasse.

I samarbeid med Sunnylven IL friidrett/trimgruppa vart fyrste arrangementet avvikla onsdag, ein trimtur frå Hellesylt sentrum til Shell-kaia og tilbake til Sunnylven skule.
Veret var ikkje av det strålande slaget, men litt regn la ingen dempar på humøret i den fargerike trimflokken der alderen varierte frå vel to til 81 år.

I alt 25 unge og eldre deltok på trimturen, og tilbake ved Sunnylven skule baud arrangøren på fleire sortar frukt og forfriskande drikke.

Fredag 26. september byd Sunnylven sanitetslag inn til kaffistund for pensjonistane på Sunnylven Omsorgssenter.

På Shell

På Shell

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380