Lokalnytt

Strikkar ullsokkar og teppe til nyfødde

doc_4330_2

Tysdag hadde Sunnylven sanitetslag strikkesamling på møterommet til laget. Nyfødde babyar på Volda og Ålesund sjukehus skal få seg nye, varme ullsokkar og teppe.

Fredrik Stadheim – 11.09.2014 08:43:08
Rosa og lilla garnnyste rulla rundt og det klang frå strikkepinnar då ti sanitetsdamer samla seg til strikkekveld på Sunnylven sanitetslag sitt møterom tysdag.

Volda sjukehus hadde ønska seg ullsokkar til nyfødde babyar og det vil Sunnylven sanitetslag hjelpe med å få til.
I tillegg blir det strikka teppe til premature born, babyar som er født for tidleg. Laget har skaffa oppskrift til arbeida, strikkepinnar og garn.
Mykje vart ferdige på tysdag kveld.

Det er ikkje planlagt fleire strikkekveldar, men om nokon kan tenkje seg å strikke til dette formålet, kan dei ta kontakt med leiinga i sanitetslaget. Laget har garn og kan rettleie korleis plagga skal vere.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380