Sunnylven IL i Oslo maraton

Kari-Anne Tryggestad Ryste

Kari-Anne Tryggestad Ryste

Hans Kristian Stadheim

Hans Kristian Stadheim

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Hans Kristian Stadheim og Inge Tryggestad er alle klart for Oslo Maraton laurdag. Dei representerer Sunnylven IL.

Fredrik Stadheim  –  19.09.2014 08:53:40

 

Kari-Anne Tryggestad Ryste stiller til start i Oslo maraton for fjerde gong. I fjor fullførte ho halvmaraton (21. km.) på 1.34.14, ei sterk tid som gav 5. plass i klassa.

Laurdag legg Kari-Anne i veg på ein ny halvmaraton kl. 13.40. Forma er bra så ho har tru på ei tid om lag som i fjor.

Same starttid har Hans Kristian Stadheim som deltek for andre år på rad. I fjor vart det gode 1.19.51 på den halve maratondistansen, ei tid han satsar på å forbetre i år.

Men eit litt «murrande» kne kan skape trøbbel under vegs, fryktar han.

Inge Tryggestad er tredje representant frå Sunnylven IL. Han nøyer seg med å løpe 10 km. på asfalt og brustein i hovedstaden laurdag.

Det blir stengte gater for biltrafikk i Oslo sentrum laurdag når 25000 deltakarar spring dei ulike distansane. Langt frå alle stiller på maraton og 42 km., også halvmaraton og enno kortare distansar kan dei mange med startnummer og joggesko velje mellom.

hellesylt.no kjem med rapport og resultat etter målgang for våre lokale milslukarar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380