Suverent Quiz-lag
Kan «Under Kopen» ta sin tredje strake og lagets fjerde Quiz-siger fredag kveld?
Fredrik Stadheim – 15.09.2014 22:44:50
For knappe to veker sidan vart det ny siger og premie til «Under Kopen» under Quiz-konkurransen på Peer Gynt Galleriet.
Det var tredje strake siger til mannskapet med rikhaldige kunnskapar både i samfunnsspørsmål, geografi, film, musikk og mange andre tema. Spørsmåla i Quizen, som har blitt arrangert i Hellesylt sitt flotte kunstgalleri, har vore både varierte og ikkje alltid lette å finne svar på.
«Under Kopen» stilte utan heile det faste mannskapet sist, men likevel vart det siger før fem andre lag. Mannskapet var Lars Fivelstad, Svein Erik Frøysa, Gunnar S. Fivelstad og Robert Tryggestad. Premien på 600.- kroner vart donert til Sunnylven Barnehage.
«Pekken er i Oaldsbygda» vart kåra til beste Quiz-namn.
Dette laget tok også andre plass i quiz’en. Laget besto av Jens Arve Forbord, Trond Arve Tryggestad og Knut Dag Langeland.
Laget på tredje-plass vart Odd Norman Hoff, Sissel Sæten, Arne Ringdal, Astrid R. Ringdal, Kåre Stadheim og Oddhild Stadheim.
Dei leia quiz’en etter to rundar, men måtte sjå to lag gå forbi etter dei avsluttande 15. spørsmåla der laga skulle svare på kva artist og song som vart spelt.
Komande fredag er det ny konkurranse på Peer Gynt Galleriet. Dette er runde to i haustquiz’en.
Les meir på facebook-sida til peergyntgalleriet: https://www.facebook.com/peergyntgalleriet