
Ivrige trimmarar i Sunnylven og på Hellesylt finn seg turruter kvar veke. Sist laurdag gjekk turen til toppen av Roalden på Strandafjellet.
-Vi har snakka om det i to år å ta turen til topps på Roalden med gondolane. Etter at vi var i Røyrhusdalen tidlegare i veka skulle det vere ein litt rolegare tur laurdag. Då høvde det å gjere alvor av ein tur til toppen av Roalden, fortel Anne Gausdal i turgruppa.
-Vi var elleve som reiste og du verden for ein tur det vart, det vart ei oppleving av dei sjeldne. Berre det å få køyre med gondol opp og ned for fyrste gong var ei hending vi vil huske lenge. Anne Gausdal er over seg av begeistring og anbefalar også alle andre til å ta turen.
-På toppen fekk vi kjøpt god servering som var strandatallerken , kaffi og kaker. Og på den fine seinsommardagen var utsikta til Stranda sentrum, fjorden og fjella heilt fantastisk, slår Anne Gausdal fast og legg til; Vi angra ikkje på at vi tok turen.