Attval i Sunnylven Bondelag

Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad.

Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad.

Eitt medlem i avgang og eitt i tillegg er status for attvald leiar Peder Hellebostad i Sunnylven Bondelag i 2014.

Sunnylven Bondelag heldt årsmøte i Tronstad Grendahus nyleg. Der vart heile styre med leiar og varamedlemer samrøystes attvalde.
Peder Hellebostad held fram som leiar, eit verv han har hatt i eit snart tosifra antall år.
Med seg i styre har han Oddvar Tynes, Jørgen Helset, Jørn Stadheim, Gunnhild Foldal og Peder Rune Tronstad.
Varamedlemer: 1. Astrid Tronstad Dyrkorn, 2. Johan Inge Kjellstad, 3. Knut Sundgot.

Om lag 30 av laget sine 86 medlemer møtte fram til årsmøtet nyleg. Laget er eitt av dei største i Møre og Romsdal. Tradisjonen tru vart det servert juletallerken på årssamlinga.

Leiar Peder Hellebostad har nyleg vore på årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag.
På årsmøtet på Tronstad orienterte han medlemane om saker som han tok opp, som leige av jord i sentrumsnære områder, regionalt miljøprogram med spreiedatoar for husdyrgjødsel, og tilskotsordningar til grøfting.

Årsmøtegjest var styremedlem i Fylkeslaget, Trond Maledal. Han kom innpå jordbruksforhandlingane og aktuelle landbrukspolitiske saker som bondelaget fekk gjennomslag for, men også krav som ikkje vart innfridd.

Eit roleg årsmøte der medlemane i Sunnylven Bondelag kunne sjå tilbake på eitt av dei beste åra når det gjeld grasavlingar i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380