Besøkte Peer Gynt på eldredagen

-

Medlemane i Sunnylven Pensjonistlag feira eldredagen 2014 i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Ei feststund med fleire opplevingar.

I alt 48 medlemer i Sunnylven Pensjonistlag var sessa kring småbord i kafeteriaen i Peer Gynt Galleriet då leiar i laget Astrid Langeland ynskte
vel møtt.

-Livet vårt vert slik vi bestemmer oss for at det skal vere. Vil vi at det skal vere godt må vi ikkje bli overraska om det blir det. Det set i
hovudet på oss. Og det beste i livet ligg ikkje bak deg, men fram føre deg, om du vågar. Det er som eit lite barn, det går ikkje åleine før det
slepp taket i bordplata, sa Astrid Langeland mellom anna.

I ei svært reflektert helsingstale siterte ho frå mellom anna Haldis Moren Vesås og Odd Nordstoga si vise om farfar, der det heiter at, -ja ein
farfar skulle alle hatt.

Ho mintest foreldra sine heime, mor si med forklede og briller i lomma, og far i go`stolen med pipa i munnen.
-No er det andre gjeremål vi er engasjert i. Men gå ikkje i grøfta med det som var, men ver open om også det som ligg framføre oss, sa Astrid
Langeland i ei velforma tale full av ord til ettertanke.

Song og dikt
Underhaldninga stod lokale krefter for. Maria Langeland og Mathilde Tryggestad Forbord song tre songar til gitarspel av Maria, visa til Odd
Nordstoga «Ein farfar i livet», «Vår beste dag», av Erik Bye og «Ta meg med» av Olav Stedje.
Stor applaus for framføringane førte til eit ekstranummer. Og i «Jenter» var det mange «gutter» i teksten.

Inghild Storstein hadde blada i «Lyng i steinurd» av Ivar Ringdal. Derifrå las ho fem dikt, «Barneauge», «Ord», «Du eldest», «Sterkaste handa»,
og «Sår draum».

Opplevde unik kunst
Som del av programmet fekk heile festlyden vere med gjennom galleriet på kunstsenteret oo oppleve presentasjonen av kunstnaren Oddvin Parr sine
tolkingar frå Peer Gynt med det nye lyd og lysopplegget. 11 store trerelieff utgjer bakgrunnskulisser til Dennis Størhøi si stemme og musikk av
Edvart Grieg.

Basar
Samlinga på Perr Gynt Galleriet baud også på servering til dei frammøtte. Og når sste stykke av marsipankaka var fortært kom basarstemninga og
trekkjarapparatet fram.
-Vi likar basar, i alle fall vi framma Dala, sa Astrid Langeland som kunne fortelje om loddsal på 3500.- kroner, noko ho meinte fortalde at
Sunnylven har mange rause og gåvmilde personar.

Astrid Langeland var dyktig festleiar, men hadde også ei god kake å by på.

Astrid Langeland var dyktig festleiar, men hadde også ei god kake å by på.

Flinke jenter, frå venstre Maria Langeland og Mathilde Tryggestad Forbord

Flinke jenter, frå venstre Maria Langeland og Mathilde Tryggestad Forbord

Inghild Storstein las dikt av Ivar Ringdal

Inghild Storstein las dikt av Ivar Ringdal

Ingeborg Korsbrekke vann seg kaffiboks

Ingeborg Korsbrekke vann seg kaffiboks

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380