Lokalnytt

Festkveld med Bacalao

doc_4415_2

Fyrste laurdag i november går Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag saman og skipar til underhaldningskveld for medlemer.

[dropcap]L[/dropcap]aurdag 1. november blir det garantert god stemning på Sunnylven samfunnshus, for dei to arrangørlaga Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag har go`bitar for fleire sansar.

Edith Flakk kjem gjennom Norangdal frå nabobygda Øye for å underhalde med song, det blir konkurranse i form av Quiz, og musikar Rolf Kobberstad frå Hornindal kjem for å spele til både underhaldning og dans.
Så blir det servering av bacalao der hovudingrediensane er klippfisk, løk, tomat og poteter.
Kanskje ikkje den mest brukte matretten i «kjøttbygda» Sunnylven, men ein favoritt for mange. Etterpå er det kaffi og kaker, og loddsal.

Påmeldingsfrist er tysdag 28. oktober til:
Astrid Langeland tlf. 90 67 52 34
Kari Hauso Stadheim, tlf. 90 85 19 75

No er dei to arrangørlaga kjende for å servere frå store gryter, så om nokon skulle gløyme å melde seg på før fristen er det nok mogeleg også etter tysdag.
To dagar før fristen gjekk ut var 35 påmelde.

Bli med på ein triveleg, sosial kveld og få servert både underhaldning og god mat, er oppmodinga frå dei to arrangørlaga.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380