Frøysa Vilt SA i bruk

Grunneigarar samla framfor viltslakteriet. Frå venstre Nils Inge Frøysa, Kristoffer Frøysa, Arvid Frøysadal, Jon Oddvar Frøysa, Nils Kåre Frøysa, Arne Frøysa, Reidar Bekke, Olav Lade, Egil Jarle Frøysa, Pål Andre Lødøen Helset.

Grunneigarar samla framfor viltslakteriet. Frå venstre Nils Inge Frøysa, Kristoffer Frøysa, Arvid Frøysadal, Jon Oddvar Frøysa, Nils Kåre Frøysa, Arne Frøysa, Reidar Bekke, Olav Lade, Egil Jarle Frøysa, Pål Andre Lødøen Helset.

Grunneigarane på Frøysa i Sunnylven skyt mykje hjort. Eit ti år gamalt ønskje om eige viltslakteri er no blitt realitet.

Det er om lag ti år sidan grunneigarane på Frøysa tok opp tanken om å bygge sitt eige hjorteslakteri. I sameige på Frøysa og Frøysadal har det dei siste femti åra vore mykje hjort å jakte på, og med mange felte dyr har garasjar eller andre eigna lokale blitt nytta som slakteri. Ikkje alltid like moro i all slag ver og temperatur.
Laurdag møtte hellesylt.no fleire av grunneigarane på Frøysa som var samla i det nye viltslakteriet. Svært nøgde grunneigarar rosa samhaldet og den gode innsatsen frå alle i fellesskapet under bygginga.

Arbeidet med sprenging av tomt til viltslakteriet starta i 2012 i eit område med felles utmark. I år stod huset ferdig klar til bruk. Det hadde blitt eit staseleg bygg i same stil som fleire av husa i klyngetunet på Frøysa.

Huset er reist i leka og betong, tre og glas med innlagt straum og vatn. I fyrste etasje foregår slakting og flåing, her er skjerehall og kjølerom med hengebane, og eit vaskerom. I andre høgda er møterom med kjøkkenkrok..
Heile viltslakteriet har grunnflate på 70 kvadratmeter og kostnadsrekna til 1.2 mill. kroner. Eit betydeleg økonomisk løft for tolv grunneigarar som er finansiert gjennom eigeninnsats i form av 1800 dugnadstimar, eigne middlar, og med tilskot både frå Innovasjon Norge og frå næringsfondet i Stranda kommune.

-Tilskota vi har fått var nok medverkande til at bygget vart reist. Utan denne støtta hadde det nok ikkje stått eit viltmottak på Frøysa i dag, seier Reidar Brekke.
Han rosar sine naboar for positiv haldning til tiltaket frå fyrste dag, og får støtte frå dei andre kring bordet i møterommet.

– Å få eit eige hus til hjorteslaktinga er ein draum som har blitt realitet. Her er trekkfritt, ljost og med alle hjelpemiddel som trengst til bearbeiding av dyra, seier Nils Kåre Frøysa.
Til no er 28 av ei fellingsløyve på i alt 32 dyr skotne på Frøysa og blitt flådde og hende på kjølerom i det nye viltmottaket.

Skrottane har blitt selde som heile eller halve, men no har grunneigarane planar om å foredle meir av kjøtet sjølve. Då må eit byggetrinn to til, seier dei.
Når det kjem har dei driftige grunneigarane ikkje bestemt enno, men kanskje blir det ferdige, vakuumpakka viltprodukt å få kjøpt frå Frøysa Vilt SA om ikkje alt for mange år.

Jaktleiar Reidar Brekke syner fram kjølerommet og hjorteskrottar i det nye viltslakteriet.

Jaktleiar Reidar Brekke syner fram kjølerommet og hjorteskrottar i det nye viltslakteriet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380