Lokalnytt

Godt resultat under TV-aksjonen

Mats Storstein Forbord til venstre og Simen Frøysa Hellebostad var to av mange bøsseberarar i Sunnylven
Mats Storstein Forbord til venstre og Simen Frøysa Hellebostad var to av mange bøsseberarar i Sunnylven

Årets TV-innsamling var søndag 19. oktober. Innsamlinga i år var til Kirkens Nødhjelp og aksjonen «Vann forandrer alt».

Mange bøsseberarar var ute rundt om i Stranda kommune. Samla resultat vart 148.343.- og som fordelte seg slik på bygdelaga.
Stranda: 100.694.-
Sunnylven; 26.107.-
Geiranger; 12.751.-
Liabygda; 8.791.-

I Stranda kommune kom det inn kr. 148.343.- på bøsse som er mellom 12-13.000.- meir enn i fjor. Det blir vel 32.- kroner pr. innbyggjar.
Under støttekonserten i Stranda kyrkje laurdag kom det inn 10.300.- kroner i billettinntekter, det og kollekt i Stranda kyrkje kjem i tillegg.

I Sunnylven var det medlemer frå idrettslaget som stod for innsamlinga. Hovedstyret hadde delt opp bygda i roder, der born og vaksne i lag fekk ansvar for eit område. Bøssene vart levert i Sparebanken Møre, Hellesylt der oppteljinga foregjekk.

Resultatet er av det beste som er samla inn under TV-aksjonen i Sunnylven dei siste åra. I fjor kom det inn 21.308.- og året før 17.362.-

Malin Fivelstad og Vanja Trøen Frøysa var også ute og samla inn til TV-aksjonen. Dei leverte bøssene til Annvor Tryggestad i Sparebanken Møre på Hellesylt.
Malin Fivelstad og Vanja Trøen Frøysa var også ute og samla inn til TV-aksjonen. Dei leverte bøssene til Annvor Tryggestad i Sparebanken Møre på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380