Haustfest i Fjellrosa 4-H

doc_4392_2

Søndag er det haustfest i Fjellrosa 4-H på Sunnylven samfunnshus med utstilling, litt program og enkel servering.
Frank Øksvang er klubbrådgjevar i Fjellrosa 4-H, med Per Ingebrigt Karbø er medhjelpar. Leiar i styret for 4-H klubben er Anne Grete Langleite.
I Fjellrosa 4-H stiller 17 medlemer ut oppgåvene som dei har jobba med gjennom året. Til festen på Sunnylven samfunnshus kjem også fylkesleiar May Britt Skjortnes for å dele ut merker og andre heidersbevis, fortel Frank Øksvang som håper mange kjem for å sjå flotte utstillingar og i tillegg få med seg litt program og enkel servering.

Utstillinga opnar kl. 13.00 på søndag 19. oktober.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380