Lokalnytt

Korsbrekkeelva leverer laks

Rune Tryggestad til venstre og Tore Rusten var mellom dei som fekk storlaks, vel 12 og 8 kilo.
Rune Tryggestad til venstre og Tore Rusten var mellom dei som fekk storlaks, vel 12 og 8 kilo.

Godt fiske og mange store opplevingar for sportsfiskarane i Korsbrekkeelva resulterte i om lag same mengde laks som i fjor.

Statestikken over årets laksefisket i Korsbrekkeelva er klar. Samla fangst vart på vel 1600 kilo, litt meir enn det som vart landa i fjor.
Elveeigar Ole Ragnar Korsbrekke synes resultatet er bra.

Fiske starta 1. juni og varte ut august, ein sesong som varierte alt etter temperatur og vassføring i elva.
Tala viser at fisket var dårleg i juni og ein periode i august då elva var lita. I resten av sesongen vart det fiska mykje laks på vekter frå
fire, fem til åtte kilo. Den aller største fekk Bjørn Tryggestad, ein rugg på vel 14 kilo.

Fiske av sjøaure har gått tilbake samanlikna med tidlegare år, fortel Ole Ragnar Korsbrekke. Berre vel 50 kilo vart landa i år, går det fram av
årsstatestikken. Men den største sjøauren vog over sju kilo noko som er sjeldan og imponerande, seier Korsbrekke.

Alt tidleg i september tok elveeigarane og andre ivrige laksefiskarar opp mykje stamlaks.
Den gode laksestamma i Korsbrekkeelva skal førast vidare og sentralt i kultiveringsarbeidet er fanging av nok stamlaks og klekkeriet i H
usøyna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380