Lokalnytt

Mange kom på laurdagsbasar

Rikard Eide Ljøen Kjøpte seg lodd for å prøve vinnarlukka.
Rikard Eide Ljøen Kjøpte seg lodd for å prøve vinnarlukka.

Laurdagsbasaren til Sunnylven sanitetslag gav 12.000.- kroner brutto i lagskassa.

Mange kom innom laurdagsbasaren til Sunnylven sanitetslag på Hellesylt, eit arrangement som vart ein suksess både økonomisk og med antall besøkjande.

Det var til tider trangt om plassen i den minste salen i samfunnshuset.

Også den gode basarstemninga var til stades i Sunnylven samfunnshus laurdag sjølv om dei lange snorene med gevinstar etter veggane mangla.
Men fine gevinstar kunne ein vinne også denne gongen ved å kjøpe snurrelodd, eit sal som gjekk godt og var unna på knappe to timar.
Då hadde hundre gevinstar fått nye eigarar.

Under laurdagsbasaren var det sal av betasuppe, kaffi og kaker. Brutto inntekt vart 12.000.- kroner.

Ein vellukka og kjekke dag, tykte leiinga for sanitetslaget som takkar alle som kom og som støtta med gevinstar eller på annan måte.

Ingeborg vann fleire ting, mellom anna blomster.
Ingeborg vann fleire ting, mellom anna blomster.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380