Lokalnytt

Øver inn romjulskomedie

Det blir romjulskomedie med HUL-teatret også i år. I desse dagar startar øvingane av «Kona eller livet».

Tradisjonen tru blir det skodespel med HUL-teatret på Sunnylven samfunnshus fjerde juledag. Då presenterer den dyktige teaterjengen eit nytt

stykke med forviklingar og mykje greinalaust gale som leiar i Hellesylt Ungdomslag Marianne Fivelstad håper vil more publikum,

Ho spelar sjølv med i skodespelet saman med sju andre som står på rollelista.
Der finn vi røynde aktørar frå HUL-teatret som Per Ove Frøysa, Bente Bonsaksen, Per Kjell Leite, Markus Forbord, Kristin Storstein, Ole Hjalmar
Bonsaksen, og ein journalist. Leiar i teatergruppa, Anne Marie Sømoen Frøysa er som alltid sufflør.

HUL-leiaren er ordknapp når vi spør om handlinga i stykket som har to akter og varer til saman i nitti minutt.

-Vi møter ein mann som gifter seg med ei dame, men ei er ikkje nok for denne karen. På ei anna bustadadresse har han kapra seg ei anna dame.
Sjarmøren lever det gode liv i «Kona eller livet», men frykta for å bli avslørt er stressande.
Korleis dobbeltlivet går får publikum sjå fjerde juledag, seier Marianne Fivelstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380