Lokalsport

Poenglaus avslutning

Sunnylven/Stranda 2 tapte 9 -0 mot Vigra i årets siste heimekamp i 5. divisjon.

Sunnylven/stranda 2 stilte med berre 11 mann til kampen på laurdag. Mot serieleiaren Vigra kjempa dei godt lenge, men til slutt vart overmakta og
klassesforskjelen synleg.
Det stod 3-0 til Vigra ved pause. Tapet vart 9-0 til slutt, rapporterer fotballeiar Leif Rune Tryggestad.
Då star to kampar igjen av årets sesong, mot Åmdal og Hovdebygda.
Om Sunnylven/Stranda 2 blir å finne på terminlister neste år spelar laget i 6. divisjon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380