Lokalnytt

Reiser tilbygg til Norsk Fjordsenter

 

Slik blir påbygget, skaftet til pilspissen.
Slik blir påbygget, skaftet til pilspissen.

HT Bygg, Hellesylt vann anbudsrunden om utviding av Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Foto: HT Bygg Hellesylt.
Norsk Fjordsenter i Geiranger utvidar med eit tilbygg på 600 kvadratmeter. HT Bygg, Hellesylt vann anbudsrunden i konkurranse med fleire.

-Vi ønskte å støtte lokalt næringsliv og difor valde vi HT Bygg som generalentreprenør. Vi har hatt ein kjempefin dialog med firmaet heile vegen og arbeidet går raskt framover.
Kanskje aldri så lite etter tidsplanen, men det er årsaker som HT Bygg ikkje rår med, seier direktør Katrin Blomvik.
Ho fortel at tilbygget til Norsk Fjordsenter vil romme ei kontorfløy, møterom, arkiv, lager, ein liten verkstad, og teknisk rom.
Og i tillegg blir det jobba med å få til ein ladepark for elektriske køyrety. Om ein lukkast med å få det finansiert vil det bli Norges største av sitt slag til no.
Tilbygget blir skaftet på det som var pilspissen då Norsk Fjordsenter vart teke i bruk 14. juni i 2002. Nybygget kjem i bruk til våren neste år, same år som Verdsarven Geirangerfjorden med omland feirer ti år, fortel Katrin Blomvik.

Påbygget til Norsk Fjordsenter er teikna av arkitektfirma Streken på Åndalsnes. HT Bygg AS har jobba frå august med grunnarbeid, søyler og takstolar, og snart kjem veggar og tak på plass. Det skal bli tett før vinteren set inn, lovar dagleg leiar ved HT Bygg, Øystein Ljøen.
[pullquote-right]-Det blir eit signalbygg for Geiranger i miljøvenlege materiale. Her blir sjølvsagt nytta både betong og glas, men resten av byggematerialane er av massivt tre med stavar og isolert med trefiberull.
[/pullquote-right]
-Det blir eit signalbygg for Geiranger i miljøvenlege materiale. Her blir sjølvsagt nytta både betong og glas, men resten av byggematerialane er av massivt tre med stavar og isolert med trefiberull.
I desse dagar blir veggane sett saman i store og små modular i lokala våre på Hellesylt for så å bli frakta til Geiranger og krana på plass.
Vi er vande med å bygge element som vi set saman, så utfordringa er ikkje større no enn ved vanlege, tradisjonelle reisverkbygg.
Konstruksjonsmessig er ikkje bygget enkelt, men utfordringar har blitt løyste under vegs, seier Øystein Ljøen.

Byggingeniør Tarjei Korsbrekke er prosjektleiar for nybygget ved Norsk Fjordsenter.
-Det har vore litt spanande å bygge desse veggelementa.
Fordelen er at vi gjer ytterveggane ferdige og bygget blir fort tett for ver og vind. Veggane blir isolert med 20 cm. trefiberull.
Dette isolasjonsmaterialet er nytt, men anbefalt av konsulentar. Det er heilt sikkert bra og det blir eit miljøbygg frå innerst til ytterst med mellom anna sponkledning på ytterveggane, fortel prosjektleiaren.

Tarjei Korsbrekke er prosjektleiar for tilbygget til Norsk Fjordsenter. Her ved eitt av veggelementa.
Tarjei Korsbrekke er prosjektleiar for tilbygget til Norsk Fjordsenter. Her ved eitt av veggelementa.
Her blir veggelement montert i HT Bygg sine lokale på Hellesylt.
Her blir veggelement montert i HT Bygg sine lokale på Hellesylt.
Alle veggelementa er no ferdige. Snart er dei på plass i tilbygget til Norsk Fjordsenter.
Alle veggelementa er no ferdige. Snart er dei på plass i tilbygget til Norsk Fjordsenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380