Lokalnytt

Skaut fem hjortar

Dei hadde mykje jobb framføre seg med flåing karane i Frøysa Viltmottak, frå høgre Nils Kåre Frøysa, Ole Johnny Brekke og Henning Frøysa.
Dei hadde mykje jobb framføre seg med flåing karane i Frøysa Viltmottak, frå høgre Nils Kåre Frøysa, Ole Johnny Brekke og Henning Frøysa.

Det vart storfangst i hjortejakta på Frøysa torsdag morgon. Fem dyr stubba for kuler frå treffsikre jegerar.

Fem store og små hjortedyr låg side om side på golvet i det nye Frøysa Viltmottak torsdag morgon, to småbukkar på kring 90 kilo, ei kolle på

knappe 70 kilo og to kalvar rundt 20 – 25 kilo.
Ein av kalvane var skoten i Frøysadalen, resten på flatene på Frøysa, fortalde dei to jegerane Ole Johnny Brekke og Henning Frøysa, og som hadde
fått hjelp med flåing av Nils Kåre Frøysa.

Tidlegare har dei felt 13 dyr av kvota på 30.
-Det går litt fort med jakta i år, men vi skal kose oss og avpasse skytinga slik at jakta varer ut sesongen, seier Ole Johnny.
Han har sett fleire store bukka på 120 – 130 kilo beite i håenga også denne hausten , men vil ikkje skyte dei. –Nei dei skal eg spare i år, dei
bør få leve og føre hjortestamma vidare, seier han.

Jegerane på Frøysa har teke i bruk eit heilt nytt og moderande viltslakteri i år. Det var fint å flytte inn i trekkfrie, ljose lokale for å flå
og stelle dyra, tykte dei tre.
På kjølerommet hang fem skrottar skotne tidlegare i sesongen. I løpet av torsdag vart der dobbe

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380