16. april 2026

Staseleg transport i kuvogna

Å bli transportert i kuvogna var nok eit minne som barnehageborna vil huske.
Å bli transportert i kuvogna var nok eit minne som barnehageborna vil huske.

Under storflaumen i Sunnylvsbygda tysdag var fire –og fem-åringane ved Trollhaugen barnehage på Stranda på gardsbesøk hos bonde Olav Lade.

Foto: Barbro Lade
Lite visste dei at dei skulle kom midt opp i eit ekstremt ver med regn og flaum då dei la ut på turen tidleg tysdag morgon.
Bonden sjølv var nok klar over kva som kunne skje og ringde då dei nærma seg og baud det unge besøket skyss i kuvogna. Gardsvegen kunne bli uframkomeleg for små bilar om flaumvatnet steig.

-Ein slik skyss tykte ungane var stor stas, og for dei var nok mykje vatn ei like stor oppleving som å møte dyr og sjå maskiner på garden.
Fulle av inntrykk på veg tilbake til Stranda seinare på dag, var vi vakasne sjeleglade for at ikkje bilane «drukna» på turen, seier Barbro Lade som jobbar i Trollhaugen barnehage.
-Hærlige ungar, men ein «fol’in dag, så me villa sagt inni Romsdala», legg ho til.

 

Slik såg det ut på flatene i Sunnylvsbygda og hos bonde Olav Lade. Kvar er gardsvegen?
Slik såg det ut på flatene i Sunnylvsbygda og hos bonde Olav Lade. Kvar er gardsvegen?

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →