Swingkurs med HUL
Eit swingkurs i regi av Hellesylt Ungdomslag samla atten danselystne på parketten i Sunnylven samfunnshus.
Ni par deltok på swingkurset på Hellesylt som gjekk over to dagar frå laurdag til søndag. Leiar i HUL, Marianne Fivelstad fortalde at det hadde kome ønskje frå mange om å halde eit swingkurs, så då var det berre å få tak i ein instruktør og setje i gong.
Og kurshelga hadde vore både lærerik og kjekk, tykte Lisbeth og Hilde.
I to dagar hadde dei terpa på dansesteg og armføringar saman med sine ektemakar. No gjekk det mykje betre enn i starten.
At kurset hadde vore nyttig det var dei begge samstemte om.
Instruktør på kurset var Yngve Vadstein, ungdomsskulelæraren frå Ørsta. [pullquote-right] Dei gjer som eg seier og ler på dei rette tidspunkt. [/pullquote-right]
Han hadde vore på Hellesylt i lagssamanheng også tidlegare som stemneonkel i 2000.
Vadstein fortalde at han jobbar ein del som danseinstruktør på fritida, mest i Ørsta/Volda-området.
Det var kjekt å kome til Hellesylt også, sa han. Og kursdeltakarane hadde vore flinke og vist god framgang. -Dei gjer som eg seier og ler på dei rette tidspunkt.