21. april 2026

Tid for å levere trimskjema

Trimposten i Vatnedalen er ikkje av dei mest besøkte, men ein fin tur for både unge og eldre.
Trimposten i Vatnedalen er ikkje av dei mest besøkte, men ein fin tur for både unge og eldre.

Trimgruppa i Sunnylven IL minner om siste viktige trimtur for i år, til Coop Marked for å levere trimskjema for 2014.

Trimgruppa har sett frist til 15. oktober med å levere poengskjema for trimturane i år. Skjema kan ein levere i eiga kasse på Coop Marked, Hellesylt.

Seinare i haust blir det stor premiefeste for fjelltrimmen.

På butikken får ein også kjøpe nye skjema for neste trimår, opplyser trimgruppa i Sunnylven IL.

SISTE:

Fristen for å levere trimskjema er forlenga til 25. oktober.

Utdeling av diplom og trekning av premiar for fjelltrimmen blir søndag 9. november,opplyser trimgruppa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →