Tøffe sjøbadarar på Hellesylt

Laurdag var det flo sjø under symjeturen frå badehuset til moloen og tilbake.

Laurdag var det flo sjø under symjeturen frå badehuset til moloen og tilbake.

-Så lenge trappa ned i sjøen ikkje er isa og glatt badar vi. Det sa Astrid R. Ringdal, ei av fem «kaldblodige» damer.

På Hellesylt er det alltid fin badetemperatur. Det hevda i alle fall fem damer som hoppa i sjøen på badestranda laurdag.
Temperaturen innerst i Sunnylvsfjorden var nyleg målt til 12 grader og på laurdag var varmegradene enno ferre på land. Det er god plass på badestranda på Hellesylt på denne tid av året..

Men Angelika Fivelstad og Astrid R. Ringdal har hatt sine faste symjeturar frå badehuset til moloen og tilbake kvar dag i haust når dei har hatt tid. Laurdag fekk dei selskap av Sissel Sæten, Kari Hauso Stadheim og Karolin Parthe.

-Vi vil gjerne at sommaren skal vare lengst mogeleg, sa Angelika etter den forfriskande dukkerten. Og skal vi tru Astrid vil sommaren vare heilt til neste sommar om badehustrappa ikkje blir isete og glatt.

På land igjen etter ein forfriskande dukkert, frå venstre Angelika Fivelstad, Kari Hauso Stadheim, Karolin Parthe, Astrid Ringdal og Sissel Sæten.

På land igjen etter ein forfriskande dukkert, frå venstre Angelika Fivelstad, Kari Hauso Stadheim, Karolin Parthe, Astrid Ringdal og Sissel Sæten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380