Vurderer tiltak ved Grand Hotel

Grand Hotel bygd i 1903, er i dag lite presentabelt utvendig.

Grand Hotel bygd i 1903, er i dag lite presentabelt utvendig.

Eigaren av Grand Hotel på Hellesylt har ikkje lagt vekk planane for utbygging. Og før neste sesong blir det pynta på fasaden.

Nyleg vart det halde eit møte mellom representantar for eigarane av Grand Hotel på Hellesylt og Stranda kommune.

Til stades på møtet var Knut Flakk og Marius Lune Petersen frå 62 NORD, og Per Ivar Lied, Marthe Lindberg og Inge Bjørdal frå Stranda kommune.

Fleire ulike tema vart drøfta, både vidare utbygging av eit hotell og det manglande vedlikehaldet av eksisterande bygningar.

Treng avklaringar
På møtet kom det fram at 62 NORD ikkje har lagt vekk planane for ei utbygging på Hellesylt, men ynskjer avklaring på ein del ting. Mellom anna korleis eit hotell på Hellesylt kan byggjast ut i høve til reguleringsplan og restriksjonar frå fylkeskonservator. Her vil Stranda kommune hjelpe til med avklaring, heiter det.

Grøn turisme
Eigarane av hotellet og to andre bygningar på Hellesylt, eit våningshus og gamle Sunnylven meieri, kan tenkje seg ei utbygging med satsing på dei særpreg av naturgjevne føresetnader som er i området. Ei grøn turisme med aktivitetar knytt til friluftsliv og bruk av tilbod i nærleiken, som Strandafjellet skisenter.

Manglande vedlikehald
Grand Hotel er leigd ut fram til 2017 med overnatting og som serveringsstad, men har synleg mangel på vedlikehald utvendig der måling flassar og treverk rotnar. Også dette vart teke opp på møtet. Eigaren vil ta grep og få utført naudsynt vedlikehald før sesongen 2015, vart sagt på møtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380