Lokalnytt

Adventsstund på omsorgssenteret

Sunnylven skulekorps gleda med vakker julemusikk.
Sunnylven skulekorps gleda med vakker julemusikk.

Laurdag var det klart for adventsstund på Sunnylven omsorgssenter, eit arrangement som Sunnylven sanitetslag står bak.


Gledeleg mange møtte til samlinga i daglegstova. Der hadde Sunnylven sanitetslag og betjening dekka på småbord til rundt førti. Litt for lite, men ekstra plassar vart fort ordna.

22 glade musikantar i Sunnylven skulekorps tok turen til omsorgssenteret i høve adventsstunda og under leiing av Wenche Ringdal spela dei kjære og kjente julesongar, «Bjelleklang»,» Sjå tusen julelys bli kveikt» og til slutt «Deilig er jorden».

Kari Hauso Stadheim frå styret i sanitetslaget ønska vel møtt. Ho var veldig glad for det gode frammøtet, og at skulekorpset stilte på og gleda med juletonar. Denne gongen var også aspirantane i korpset med for aller fyrste gong.
-Å ha eit så flott korps i ei så lita bygd er fantastisk og ein stor verdi, sa Kari Hauso Stadheim som trekte fram eldre musikantar som framleis stilte på, Lars Kvam Karbø, Oddbjørg Stadheim og Wenche Ringdal. Mange gode ord og ei lita gåve vart skulekorpset til del laurdag.

Sunnylven sanitetslag hadde stelt i stand god servering med kaffi og smørbrød med variert pålegg, og til sist kom kremkakene fram. Alt såg ut til å falle i smak.
Og ikkje nok med det, laget hadde også med ei pengegåve til bebuarane på Sunnylven omsorgssenter.
Gåva på 3000.- kroner takka tilsett ved omsorgsenteret, Astrid Ringdal så mykje for. Ho håpa bebuarane kom med ønskje om kva dei ville nytte pengane til.

Adventsstunda på Sunnylven omsorgssenter vart avslutta med songen «Deilig er jorden».

Mange kosa seg i daglegstova under adventsstunda laurdag.
Mange kosa seg i daglegstova under adventsstunda laurdag.
Kari Hauso Stadheim t.v. og Ester Kjellstadli hadde mykje godt å by på frå sanitetslaget, også gode kremkaker.
Kari Hauso Stadheim t.v. og Ester Kjellstadli hadde mykje godt å by på frå sanitetslaget, også gode kremkaker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380