Lokalnytt

Eigarskifte i landbruket

doc_4429_2

Torsdag 20. november held Stranda kommune i samarbeid med Norddal Rekneskap AS kurs i eigarskifte i landbruket.

Kurset er eit introduksjonskurs for dei som planlegg eigarskifte i landbruket.

Formålet er å gje ein oversikt over kva som er viktig å tenkje på når ein startar opp ein slik prosess, spesielt dei økonomiske sidene.

På kurset vil landbrukskontoret også ha ein gjennomgang av kva rutiner som skal nyttast i samband med eigarskifte, skjema og rapporteringar med meir.

Kurset er ein del av samarbeidsprosjektet «Med hjarte for levande bygder» som Sykkylven, Norddal og Stranda kommune samarbeider om.

Kvar kurset blir halde blir bestemt når ein ser kvar tyngda av dei påmelde kjem frå.

Påmeldig til: Inge Bjørdal, innan 14. november 2014.
e-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no
Mobil: 464 11 023

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380