Feira fotballåret i lag

To av prisvinnarane på damelaget, Anette Frøysa t. v. og Martine Lade. Åsta Løvfaldli og Anne Lise Lødøen Helset var ikkje til stades.

To av prisvinnarane på damelaget, Anette Frøysa t. v. og Martine Lade. Åsta Løvfaldli og Anne Lise Lødøen Helset var ikkje til stades.

Fotballklubbane Stranda og Sunnylven samla seg til felles årsfest på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt for andre år på rad. Prisutdelingar, god mat og dans stod på programmet.


Det var mykje triveleg konversasjon og stor stemning då 75 damer og herrer frå den store fotballfamilien i Stranda Fotball og Sunnylven Fotball samla seg til årsavslutning for senior og juniorfotballen.
Dei to klubbane har dei siste åra hatt eit tett og godt samarbeid både innan damelag og Sunnylven senior herrer.
Og sjølv om sesongen vart langt dårlegare for begge klubbar enn forventa var stemninga god.

Sunnylven/Stranda sitt damelag vart sist i 3. divisjon damer, men rykkjer ikkje lavare om dei stiller 11-ar damelag også neste år. Sunnylven/Stranda 2 vart også sist i 5. divisjon og rykkjer ned i 6. divisjon. Stranda A-lag fekk også ein tung sesong i 4. divisjon, spesielt i starten og blir å finne i 5. divisjon neste sesong.

Bjarne Johansen og Thomas Roset var trenarar for Stranda A-lag. Roset tykte det hadde vore ein tung sesong.
Laget har slitt over fleire sesongar, det hadde gått i ein bratt utforbakke. Målsetjinga var å bli på øvre del av tabellen, men slik gjekk det ikkje.
–Vi trenarar har gjort ein for dårleg jobb, sa han.
Kanskje skal ikkje trenarane alltid vere årsak til manglande poengsanking.
Kanskje var Roset inne på årsaka når han oppmoda om betre treningsframmøte.
-Det er dei same og alt for få som går igjen på treningane, sa Roset som likevel gav ros til spelarane på Stranda sitt juniorlag. Dei har spela mange kampar både for Stranda A og Sunnylven/Stranda 2., sa han.

Fotballeiar Leif Rune Tryggestad i Sunnylven tok over som trenar for Sunnylven/Stranda 2 heilt på slutten av sesongen.
Det vart ein tung sesong med berre ein siger som kom mot MSIL på heimebane. Lite folk på trening og problem med å stille lag hadde prega sesongen.
Alf Ole Sundgot vart toppskårar med fem mål. Litt flaut med så få mål tykte Alf Ole som gav prisen til målvakt Joakim Fivelstad. Burvaktaren hadde ein kjempesesong og berga laget frå fleire to-sifra tap, var Leif Rune Tryggestad sikker på. Difor vart han også årets spelar på samarbeidslaget Sunnylven/Stranda 2.

Trenar Kai Ove Lade delte ut prisane til vinnarane på damelaget. Det vart ikkje mange bra kampresultat, laget besto av mange unge spelarar, men det var ein fantastisk gjeng å jobbe med, godt humør og stor innsats både på trening og i kampar.

Under festen vart det også delt ut prisar til fleire på Stranda A med mange kampar, og lokal kunstnar Martin Janssen bidrog med dreia heimeindustri i ulike variantar og til at premiefangsten vart ekstra stor for fleire.

Desse spelarane fekk tildelt prisar etter årets sesong.

Damelaget Sunnylven/Stranda:
Treningspris: Anette Frøysa.
Toppskårarpris: Delt mellom Åsta Løvfaldli og Martine Lade.
Årets spelar: Anne Lise Lødøen Helset.

Sunnylven/Stranda 2:
Toppskårarpris: Alf Ole Sundgot
Treningspris: Jarl Vegard Eliassen Røyrhus
Årets spelar: Joakim Fivelstad.

Juniorlaget Stranda:
Treningspris: Joakim Fivelstad.
Toppskårarpris: Vegard Jøsok
Årets spelar: Øyvind Fjørstad.

Stranda A-lag.
Treningspris: Gunnar Espelund
Grip sjansen pris: Petter Årvik
Toppskårarpris: Kennet-Andre Hole
Årets spelar: Kennet-Andre Hole

Kampar Stranda A-lag:
Øyvind Fjørstad, 50
Raimondas Cemingas, 50
Torgeir Rusten, 100
Ronnie Furset, 300
Endre Kjølås, 400

Alf Ole Sundgot gav toppskårarprisen til målvakt Joakim Fivelstad.

Alf Ole Sundgot gav toppskårarprisen til målvakt Joakim Fivelstad.

Stranda A. Frå venstre Petter Årvik, Kennet-Andre Hole og Gunnar Espelund.

Stranda A. Frå venstre Petter Årvik, Kennet-Andre Hole og Gunnar Espelund.

Stranda junior. Frå venstre Joakim Fivelstad, Øyvind Fjørstad, Vegard Jøsok..

Stranda junior. Frå venstre Joakim Fivelstad, Øyvind Fjørstad, Vegard Jøsok..

Mange kampar for Stranda A. frå venstre Torgeir Rusten, Endre Kjølås, Øyvind Fjørstad, Reimondas Cemingas. Fremst Ronnie Furset.

Mange kampar for Stranda A. frå venstre Torgeir Rusten, Endre Kjølås, Øyvind Fjørstad, Reimondas Cemingas. Fremst Ronnie Furset.

Kokk Simmo Barinov t.v. vart heidra med pris for den gode maten av kunstnar Martin Janssen.

Kokk Simmo Barinov t.v. vart heidra med pris for den gode maten av kunstnar Martin Janssen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380