Fekk 4-års boka

Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag fekk tre gutar og fire jenter si 4-års bok.
Mange av dei unge kyrkjegåarane var nok spente då sokneprest Stein Karstensen las opp namnet deira i den fine 4-års boka.
Etter tur kom alle sju fram for å få den overlevert.
Tora, June, Elias, Matias, Kristine, Mindor og Julie vart ein fin gjeng i kordøra som fekk vere med å synge songar som står i boka saman med Kristin Storstein.
Og etter kvart henta soknepresten fram gitaren og spela til eit par ekstra kvikke songar. Då kom også smilet fram hos bokeigarane.
4-års boka har mange fine forteljingar og songar.