Førjulstreff på biblioteket

Tre tysdagar i desember blir det førjulstreff på Sunnylven bibliotek.

Tre tysdagar i desember blir det førjulstreff på Sunnylven bibliotek.

I september 2012 flytta Sunnylven Bibliotek inn i nye lokale. Drifta har vore i gong på tilskot og innsamla middlar.

Eit stort og samla engasjement førte til at biblioteket i Sunnylven vart verande i bygda i nye lokale i Sunnylven kyrkjelydshus.
Gjennom gåver og diverse økonomiske tiltak har drifta blitt oppretthalde med to opningsdagar i veka, tysdag kl. 16.30 – 18.30, og torsdag kl. 09.00 – 11.00.
Besøkstala viser at det er behov for eige bibliotek i Sunnylven.

Tre tysdagar i desember er det førjulstreff med sal av kaffi, te, saft, kaker og sal av snurrelodd.
Leseglade som besøkjer lokala i kyrkjelydshuset kan bidra økonomisk til drifta og samstundes prøve vinnarlukka.
Eit lodd til 5.- kroner kan gje små, men fine og nyttige gevinstar i premie. Første førjulstreff er tysdag 2. desember.
(Sjå aktivitetskalendar)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380