Lokalnytt

Heidra tilsette

Frå venstre adm. direktør Kristen Ringdal, Reidar Støverstein, Ragnhild Tryggestad, Lovise Hanssen, Leif Egil Åsen og dagleg leiar Ole A. Ringdal. (Foto: Sissel Ringdal)
Frå venstre adm. direktør Kristen Ringdal, Reidar Støverstein, Ragnhild Tryggestad, Lovise Hanssen, Leif Egil Åsen og dagleg leiar Ole A. Ringdal. (Foto: Sissel Ringdal)

Under julesamling for leiing og tilsette ved Ole Ringdal AS vart fire tilsette heidra for lang og tru teneste ved bedrifta på Hellesylt.


Det vart fanget fullt med blomar og heidersutmerkingar for fire tilsette då Ole Ringdal AS hadde si årlege julesamling på Stranda Hotell nyleg.
Leif Egil Åsen, Lovise Hanssen, Ragnhild Tryggestad og Reidar Støverstein hadde alle gjort seg fortent til bedrifta sitt gullur etter innsats i 30 år, og Norges Vel`s medalje med diplom.

Ved Ole Ringdal AS jobbar Leif Egil Åsen som avdelingsleiar i fersk produksjon, pålegg, steikjer og liknande.

Lovise Hanssen har hatt sitt arbeid i pakkeriet, både i lokala i den fyrste fabrikken ved Hellesyltfossen og dei siste åra i nybygget på Øyrane.

Ragnhild Tryggestad starta også i pakkeriet, men flytta etter kvart til kontoravdelinga der ho har med kundar, både med innmelding og sal av varer.

Reidar Støverstein kom til Ole Ringdal AS som sekstenåring. I åra etter har han teke del både i produksjon og som sjåfør ved hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt.

Det var administrerande direktør Kristen Ringdal og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som stod for utdelingane under julesamlinga. Mange gode ord til fire trufaste medarbeidarar fylgde med overrekkingane.

Med årets tildeling har 22 tilsette motteke gullur med heidersbevis frå Ole Ringdal AS, kjøttvarebedrifta som feira 75 år i mai i fjor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380