I Sunnylven vart det målt høge temperaturar laurdag 1. november.
Rundt om på Sunnmøre var det sommarlege temperaturar laurdag. Fleire stader nærma det seg 20 plussgrader.
Også i Sunnylven vart det registrert god «høyterre». Fleire målarar viste «raude» tal,18.0 pluss og meir.
Det er berre få døgn sidan dei same målarane viste under null, heilt ned til minus 6.0.
Og med regn og storflaum tidlegare i veka må ein vel kunne påstå at veret er spanande.
