Lokalnytt

Inviterer på generasjonsfest

Barneleikarringen opptrer også ved store hendingar. Her frå opning av cruisekaia på Hellesylt i 2012.
Barneleikarringen opptrer også ved store hendingar. Her frå opning av cruisekaia på Hellesylt i 2012.

Laurdag inviterer barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag på generasjonsfest på Sunnylven samfunnshus.


Laurdag er det avslutning på ein ny, aktiv sesong for barneleikarringen i HUL. Ved fleire arrangement har dei unge dansarane gleda med både hallingkast og spenstig dans. I haust har dei også tek turen ut bygda ved to høve.
Dei rundt tretti i leikarringen delteke både på Sunnmørsstemne på Vatne og i Sjokoladekappleik på Borgund vidaregåande skule, fortel leiar i styre for leikarringen Wenche Høgalmen Ringdal.
Medhjelpar og danseleiar er Astrid R. Ringdal.

Komande laurdag blir det sosialt samvær og generasjonsfest på Sunnylven samfunnshus frå kl. 13.00. Dit er alle foreldre, sysken, besteforeldre og andre slektningar invitert.
Der blir det servering av kaffi, kaker og saft, og det blir danseoppvisning, fortel Wenche Ringdal. Ho håpar mange tek seg tid til å vere med på festen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380