13. juli 2026

Jubileumsbok frå Norangdal IL

Sivert Sellereite er forfattar av jubileumsboka "Det var ein gong".
Sivert Sellereite er forfattar av jubileumsboka «Det var ein gong».

Tidleg i oktober feira Norangdal Idrottslag 100 år. I det høve kom det ut ei flott jubileumsbok om aktiviteten i laget.

Sivert Sellereite er forfattar av jubileumsboka til Norangdal IL. «Det var ein gong» har han sett som tittel på boka som omhandlar mykje av aktiviteten i laget.

Men mest handlar boka om Patchel-stafetten gjennom 47 år, og ikkje minst duellane mot Sunnylven IL i Holmenkollstafetten, vårens vakraste eventyr i Oslo har fått mykje og lødig omtale. Kanskje var det vakkert, men mest var det harde nappetak mellom dei to idrettslaga der det gjekk på små sekund laust.

Også i Patchel-løpet frå Øie gjennom Habostaddalen til Stranda stadion har løparar fått sin plass og på tider som ingen til no har makta å straffe.

Lagssoga til Norangdal IL har blitt ei flott bok, innbunda og på heile 244 sider.
Den er eit oppslagsverk som burde ha interesse også for sunnylvingar og vil såleis vere i sal ved Joker Hellesylt frå veke 45.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →