Julemessa på Hellesylt
Julemessa på Hellesylt vart ein suksess med rekordmange utbydarar og masse kjøpelystne.
Det var som ein god sommardag på Hellesylt laurdag. Fint, men litt kjøleg ver, mykje folk både av fastbuande og tilreisande og god stemning.
Julemessa til Hellesylt Næringslag og Sunnylven Bygdekvinnelag vart på alle måtar vellukka, ein folkefest som kanskje burde heite Vinterdagar på Hellesylt i framtida.
Heile 20 stand med stor variasjon i vareutbodet var samla i og utanfor Sunnylven samfunnshus.
Vi besøkte fleire og inntrykket var at mange selde godt, eller som forventa.
RIDETUR
På Ole Ringdal`s plass stod Dalar Møy og Høg Jo og tok mot unge som ville ha ein ridetur. Og det vart mange rundar rundt sentrum med gutar og jenter på ryggen til dei to Fjordingane. To svært så snille og rolege hestar, men Åse Stadheim og Johanne Tryggestad fylgde og passa på at turane gjekk trykt.
«LISJEDULLÅ»
Synnøve Ringdal frå schermannringdal stilte på julemessa for fyrste gong med sin veskekolleksjonen som er både flott og anerkjent. Vi møtte ei influensasjuk designerdame tidleg under messa. Dei fyrste veskene hadde alt fått sine nye eigarar, også av den lille handveska som har fått det sjarmerande namnet «Lisjedullå».
BLOMSTER OG JULENEK
Også Stranda Blomster hadde sin standd på julemessa på Hellesylt. Vakre blomar, adventskransar, julelys og fuglenek fylte opp. Bak salsdisken fann vi to elevar frå Sunnylven skule, Renate Hellebostad og Andrea Kjellstad. Flinke damer som jobba for blomsterbutikken og lønn som skulle gå inn i reisekassa for skuletur til neste år, fortalde dei to.