Juletrea er kveikte
Søndag vart julegrana i Hellesylt sentrum tent, og då nytta mange høve til gang rundt det lysande grantreet.
Det er Stranda kommune som skaffar til fegs og reiser julegrana på Hellesylt. Berre snøen mangla, men elles var julestemninga god då ljosa vart kveikte presis klokka 15.15 fyrste søndag i advent.
Som tidlegare år var Sunnylven skulekorps under dirigent Trond Otto Berg på plass og let tonar av kjende julesongar lyde ut over sentrum og til ei talrik forsamling.
På Hellesylt lyser fleire juletre i år. Både ved Sunnylven skule og Sparebanken Møre er høgreiste tre pynta med ljos.
Vi gløymer heller ikkje juletreet på Svarthammaren, meter over Hellesylt sentrum. I år har initiativtakarane gjort det enno høgare og staselegare, Kjempebra!!