Juletreet på Svarthammaren

Snart lyser det på Svarthammaren igjen. (Arkivfoto)

Snart lyser det på Svarthammaren igjen. (Arkivfoto)

I 2012 lyste juletreet på Svarthammaren for fyrste gong Alt er klart for tenning også i år.

Nyleg var spreke pensjonistar oppe på Svarthammaren ved trimposten ovanfor Hellesylt sentrum for å gjere klart «treet» til tenning fyrste søndag i advent. «Treet» er lyslenker som blir heisa opp i ei lita flaggstong.

Tiltaket med juletre på Svarthammaren er støtta av bedrifter på Hellesylt, mellom anna er straumkabel og anna utstyr betalt av Ole Ringdal AS og HT Bygg Hellesylt AS.
Frå nærmaste el-kontakt og opp på Svarthammaren er det 200 meter. 30. november lyser juleteet igjen.

Arne Tronstad til venstre og Åge Gjørvad er to av fleire som har ordna til juletre på Svarthammaren.

Arne Tronstad til venstre og Åge Gjørvad er to av fleire som har ordna til juletre på Svarthammaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380