20. april 2026

Nissefest i Bygdetunet

Det var stort besøk under nissefesten i fjor og der fekk alle god servering av nissemor og nissefar.
Det var stort besøk under nissefesten i fjor og der fekk alle god servering av nissemor og nissefar.

Måndag 15. desember blir det grautfest i Hellesylt Bygdetun. Då inviterer fjøsnissane til fest på låven for tredje året på rad.

Meir enn 60 born og vaksne møtte fram i fjor og hadde ei veldig kjekk og stemningsfull oppleving før jul då fjøsnissane i Hellesylt Bygdetun slo opp låvedørene og baud på grautfest på låven.

Også i år har nissane planlagt låvefest med same gode servering, graut med smørauge, sukker, kanel og saft. Det blir høve til å smake varm julegløgg også.

Sjølvsagt blir det julesongar, og då tippar vi nok ikkje mykje feil om vi trur vi får høyre ein som alle kan, «På låven sitter nissen….».
Kanskje blir det andre overraskingar også, men nissane prøver å halde det meste hemmeleg. For dei yngste og andre som ønskjer det blir det hopp og sprett i høystålet.

Kle godt på dykk og ta med heile familien til ein triveleg førjulskveld og et god julegraut i lag med nissane!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →