Nye lås i Sunnylven samfunnshus

Styret i Sunnylven samfunnshus har vedteke å monterast nytt nøkkelsystem i Sunnylven samfunnshus. Dette er no (3. november) på plass.

Bakgrunnen er at huset vart nytta utan at styre/vaktmeister alltid viste kven som disponerte huset.

Med nye lås og nøklar får ein dette i system og mulegheiter for å gjere betalinga rettferdig og ordna reinhald. I tillegg har dette med sikkerheit å gjere, heiter det i ei melding frå styret.

Konsekvensar
For og få utdelt nøklar må ein kontakte Egil Jarle Frøysa i arbeidstida på mob. 464 11 127. Han har mynde til å levere ut nøklar og kva type nøkkel som skal leverast ut og noterer kven som mottek dei.
Dei som disponerer nøklane vil bli gjort økonomisk ansvarlege ved tap eller ureglementert bruk.

Leiar Inge Bjørdal opplyser att styret vil legge fram utkast til regelverk og prisar for utleige av samfunnshuset på komande årsmøte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380