20. april 2026

Overnatta i kyrkja

Elevane frå 6. og 7. klasse var Lys Vaken og deltok under familiegudstenesta
Elevane frå 6. og 7. klasse var Lys Vaken og deltok under familiegudstenesta

Frå laurdag til søndag overnatta elevar frå 6. og 7. klasse i Sunnylven kyrkje. Til gudstenesta var dei Lys Vaken.

I alt 22 elevar, atten frå Sunnylven skule og fire frå Geiranger skule hadde Sunnylven kyrkje som bustad frå laurdag kveld til søndag. Også sokneprest Stein Karstensen hadde med soveposen sin.

Laurdag kveld var det servering av pizza på Sunnylven kyrkjelydshus før turen gjekk til kyrkja. Der vart det fleire aktivitetar ut over kvelden, postar med spørsmål som skulle svarast på, dei såg ein film og dei øvde til deltaking i gudstenesta dagen etter.

Rosignalet var rundt klokka 24.00 kunne soknepresten fortelje. Ikkje alle sovna tvert, men heller ingen skumle ting dukka opp i kyrkja.
–Her skal alle få oppleve at i kyrkja er det trykt å opphalde seg, sa sokneprest Stein Karstensen.

Alle var Lys Vakne og deltok med innslag under gudstenesta, mellom anna med eit tablå om å hjelpe. Ikkje alltid viktig å ha rett, men å gjere rett

[metaslider id=258]

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →