
Søndag var det premiering for fjelltrim 2014 i Sunnylven IL. Eit rekordår med mange spreke turgåarar.
Trimgruppa registrerte 13554 besøk på dei 25 trimpostane i 2014. Det er nær 20 % auke frå i fjor, eller heile 37 som noterte seg ved postar kvar dag gjennom heile året, sa Rune Hole som leia premiefesten.
Av dei som hadde levert trimskjema var seks born og tretti vaksne innom alle postane i løpet av sesongen. I tillegg til diplom fekk fleire gåvekort frå G-sport i premie etter loddtrekking.
Born alle postar; Gåvekort 500.- kr. Ingeborg Langeland.
Born 10 postar eller meir; Gåvekort 300.- kr.. Ane Brenne Ringdal.
Born, alle som hadde levert trimskjema; Gåvekort200.- kr. Simen Frøysa Hellebostad
Vaksne alle postar; Gåvekort 500.- kr. Ruth Hole Aaland
Vaksne 10 postar eller meir; Gåvekort 300.- kr. Erna Hellebostad
Vaksne alle som hadde levert trimskjema; Gåvekort 200.- kr. Kristin Storstein.
Bjørn Halgeir Rusten var største poengsankaren i år som i fjor. Han fekk notert 1195 poeng, og i tillegg var han innom alle postane.
Dei neste stortrimmarane var Svein Erik Frøysa 678, Ruth Hole Aaland 578, Arnfinn Tryggestad 528, Wenche Høgalmen Ringdal 516, Ann Janne Hole 515.