Rustar opp parkeringsområdet

I fyrste omgang blir det ordna nytt berelag på heile parkeringsområdet ved Hellesylt stadion. (Foto: Magne Brekke)

I fyrste omgang blir det ordna nytt berelag på heile parkeringsområdet ved Hellesylt stadion. (Foto: Magne Brekke)

Det pågår no anleggsarbeid med å ordne parkeringsplassen og området ved Hellesylt stadion.

Då Stranda kommune grov grøft over parkeringsplassen og la ned ny kloakkleidning frå kubbhuset ved Hellesylt stadion, var det avtale at kommunen skulle ta kostnadane med å planere halve parkeringsområdet og legge ned tre slukar.
Sunnylven idrottslaget skulle utføre arbeidet med den andre halvdelen av parkeringsplassen. Det fortel styremedlem i idrettslaget Magne Brekke.
Stranda kommune ordna sin del tidlegare i sommar og idrettslaget starta sitt arbeid denne veka.

På grunn av manglande fall og slukar til å ta unna overflatevatn har parkeringsplassen til tider vore lite triveleg å parkere på med både djupe spor og store hol.

Området har også framstått uryddig etter anleggsarbeidet med kunstgrasbana både i 2010 og i fjor. No blir også dette rydda opp i.
I første omgang blir heile parkeringsområdet grusa opp. Magne Brekke fortel at planen er å leggje fast dekke, men kva tid idrettslaget/skyttarlaget får økonomi til å gjere det er usikkert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380