Serverte julemat og nykoka poteter

Det bugna av god julemat på langbordet som pensjonistlaget stelte i stand.

Det bugna av god julemat på langbordet som pensjonistlaget stelte i stand.

Over 70 damer og herrar var til stades på Sunnylven kyrkjelydshus då leiar i Sunnylven Pensjonistlag Astrid Langeland ønska vel møtt til laget sitt årlege julebord.


Det var pynta til jul på småbord i kyrkjelydshuset på Hellesylt onsdag. Dit kom medlemane i Sunnylven Pensjonistlag til sosialt samvær med prat, song, utlodding og sjølvsagt servering av det beste av julemat.

-Kanskje er det nokon som synest det er tidleg med julebord, men søndag er det advent, så då er det vel lov å prøvesmake på julematen, sa Astrid Langeland som ønska alle vel møtt. Ho håpa alle ville få eit triveleg samvær.

-Jula set følelsar på prøve, men spreier også glede. Vi bur i eit godt land med eit styresett som vi må ta vare på. Så må vi vere rause med kvarandre, ta vare på familie, vener og kjente.
Einaste gongen du skal sjå ned på eit menneske er når du bøyer deg ned for å hjelpe det opp. Nyt maten og den gode praten i lag, avslutta leiaren i pensjonistlaget.

Nykoka poteter

Og både maten og praten var god denne ettermiddagen. På langbordet kom pølse, ribbe, pinnekjøtt, surkål, kålrotstappe og poteter. Etterpå var det riskrem og kaffi. Eit velsmakande måltid som Anna Jorunn Ljøen takka så mykje for.
-Tusen takk for festen, mat og drikke og ein forsmak på juleribba. Eg bur på omsorgssenteret. I dag har eg fått nykoka poteter, der får vi dei servert oppattvarma.

I programdelen på festen las Oddmund Fivelstad forteljinga om Mortens messe og Mortens gås, det var leita fram fleire julesongar til allsong som Bjarne Sjåstad spela til på piano, og det var åresal med utlodding av mange gevinstar.

Om ikkje alle vann på lotteriet fekk alle med heim eit stort raudt kubbeljos som gåve frå pensjonistlaget.

Astrid Langeland var dyktig festleiar, men tok eit tak også som servitør.

Astrid Langeland var dyktig festleiar, men tok eit tak også som servitør.

Fleire enn nokon gong kom på Sunnylven Pensjonistlag sitt julebord.

Fleire enn nokon gong kom på Sunnylven Pensjonistlag sitt julebord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380