Lokalnytt

Skulekops heldt haustkonsert

Aspirantar, frå høgre Odne Kjellstadli, Lone Ringdal, Hanne Kjellstad og dirigent Trond Otto Berg.
Aspirantar, frå høgre Odne Kjellstadli, Lone Ringdal, Hanne Kjellstad og dirigent Trond Otto Berg.

Sunnylven skulekorps investerer i nye instrument, utviklar seg musikalsk og får stadig fram gode aspirantar til korpsrekkene.


Fredag kveld fekk ein folkerik storsal i Sunnylven samfunnshus høyre Sunnylven skulekorps i sin årlege haustkonsert.
Korpset talde sytten musikantar og vart taktfast losa gjennom eit litt kort, men variert repertoar av sin faste dirigent Trond Otto Berg.
Så langt i haust har korpset øvd mest på teknikk og kvalitet og mindre på melodiar, fortalde Berg.

Konserten opna forrykande, for denne kvelden skulle nye pauker presenterast. Og dei unge takthaldarane i korpset, Loke Kjellstadli og Knut Iver S. Røyrhus fekk lyd i både pauker og trommesett, nesten så det vibrerte i konsertsalen.

Framhaldet av korpskonserten vart også ei stadfesting av at sunnylvingar har mykje å glede seg til framover hausten og vinteren.
Om ikkje alt klang som dirigenten ville var det meste svært bra. Og når skulekorpset med snittalder på tolv år spela voggesong frå Afrika, ja då blir draumetankane mange og flygane.

Imponerte gjorde også tre aspirantar Odne Kjellstadli, Lone Ringdal og Hanne Kjellstad. Det vart berre stor applaus og ekstranummer av slike musikalske innslag.

Mange møtte fram på haustkonserten til Sunnylven skulekorps. I tillegg til musikk var det sal av kaffi og kaker, og det vart vist bilete frå korpstur til Trondheim tidlegare i år.

-Om ikkje lenge blir det mykje meir speling, då blir det julemusikk med julegrantenning, konsert og nissespeling. Det gleda vi oss til, sa dirigent Trond Otto Berg som la til; Musikarane i korpset er ein veldig flott gjeng å jobbe med.

Leiar i styre for Sunnylven skulekops, Gunnhild Kvam opplyste på slutten av konserten at korpset planlegg øvingshelg med Eidsdal skulekorps.
-Korpsa har samarbeidd tidlegare og no ønskjer vi å gjenta suksessen frå sist, sa Gunnhild Kvam.

"Takthaldarane" i Sunnylven skulekorps, Knut Iver S. Røyrhus t.v. og Loke Kjellstadli.
«Takthaldarane» i Sunnylven skulekorps, Knut Iver S. Røyrhus t.v. og Loke Kjellstadli.
Haustkonsert med Sunnylven skulekorps.
Haustkonsert med Sunnylven skulekorps.leko

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380