13. desember 2025

Store flaumskader i Holedalen

Krøterråsa på Holesida er borte.
Krøterråsa på Holesida er borte.

Holedalselva viste villskap under storflaumen i slutten av oktober.

I Holedalen har elva fare brutalt fram fleire stader. Der har stein, grus og skog i utruleg store mengder blitt flytta på.
Villskapen av den flaumstore elva som denne gongen var noko av det største folk kan minnast å ha sett, er synleg over alt.
Ved heimsetra på Holesida er den gamle vegen og krøterråsa borte i ei lengde på snart 50 meter. Ei viktig og naudsynt rås som på ein eller annan måte må setjast i stand igjen.

Også nær bebyggelse på Bjørdal har elva rasert deler av forbygginga. Også her må reparasjon til snarast råd om det ikkje skal gå gale ved neste flaum.
Over lange avstandar er elveløpet fylt opp med grus og stein, så nye overfløymingar ved neste flaum er nok ikkje til å unngå.

Skada elveforbyggning ved Bjørdal.
Skada elveforbyggning ved Bjørdal.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →