Lokalnytt

Strikka til nyfødde på sjukehus

Ein del strikkevarer som skal sendast til sjukehus i Volda og Ålesund.
Ein del strikkevarer som skal sendast til sjukehus i Volda og Ålesund.

I september tok Sunnylven sanitetslag initiativet til å strikke plagg til nyfødde og premature born. No ønskjer laget å sende det som er ferdig.


Mange i Sunnylven har brukt strikkepinnane flittig i haust og laga både raggsokkar, pledd og andre små klede til nyfødde og premature born.

Sunnylven sanitetslag, som tok initiativet til arbeidet ønskjer no i god tid før jul å sende alt som er ferdig til sjukehusa i Volda og Ålesund.

Noko er alt kome inn, men laget veit at fleire har strikka til formålet. Desse kan levere til styremedlem i Sunnylven sanitetslag, eller ta det med til handarbeidskafeen i Hellesylt Bygdetun måndag 1. desember, opplyser styret i sanitetslaget. (Sjå aktivitetskalender)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380