Suppesal for born i Nepal

  • doc_4438_2
  • doc_4438_13
  • doc_4438_14

 

 

I Sunnylven barnehage lærer dei om mangt. Sist veke har borna fått høyre om korleis borna i Nepal lever.

Torsdag var det sal av betasuppe og bollar i Sunnylven barnehage. Både foreldre og avdre slektningar møtte fram og handla. Inntekta gjekk til Forut Barneaksjon og born i Nepal.

Ikkje alle borna i dette landet får same utdanning. Der det er god økonomi går dei på private skular og lære seg mellom anna engelsk. Det hjelper når dei seinare skal søkje seg jobb. I offentlege skular er språkundervisninga dårleg.

-Denne veka har vi lært om born i Nepal, korleis Biswas på fire og Nischal på snart fem lever, kva dei gjer på og kva som er forskjellar og likheiter med oss i Norge.
Vi har også laga mat som borna i Nepal får servert, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke.

Matrettar som dei hadde smaka på var ris og linser, linsesuppe og rispannekake, fortalde tilsett i barnehagen, Anne Petrin Sætreås. Ingrediensane var ris, egg, mjølk, mjøl og rosiner.
-Dei fleste våga seg til å smake, men ikkje alle tykte det var som norsk oppskrift på pannekaker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380