Tilbakeblikk på Sommardagane

Komiteen for Sommardagar på Hellesylt 2014 ønskjer tilbakemeldingar. Frå venstre Svein Sporstøl, Eivind Louis Helset, Marianne Fivelstad, Ellinor Fivelstad, Erik Torset.
Komiteen for Sommardagar på Hellesylt 2014 ønskjer tilbakemeldingar. Frå venstre Svein Sporstøl, Eivind Louis Helset, Marianne Fivelstad, Ellinor Fivelstad, Erik Torset.

Fyrstkomande søndag kallar komitéen for Sommardagar på Hellesylt inn til evalueringsmøte på Sunnylven samfunnshus kl. 15.00.


Sommardagar på Hellesylt 2014 vart på nytt eit folkerikt og flott arrangement. Komitéen for dagane ønskjer likevel at alle som har synspunkt på arrangementet skal få kome fram med desse på ope evalueringsmøte søndag.

-Vi ønskjer å få fram både godt og gale frå arrangementet i sommar, og ikkje minst korleis folk ser på framtida for Sommardagar på Hellesylt.
Mellom anna om vi vil ha dei, bør dei gå over ei eller fleire helgar og skal dei vere så store og fulle av aktivitetar? Og er folk viljuge til å stille på og organisere arrangementet?

Alle bedrifter, lag og organisasjonar og privatpersonar må møte og gje til kjenne si meining. Det er viktig om ein skal lage nye Sommardagar.
Det seier Marianne Fivelstad, eitt av fem medlemer i årets arrangementskomité.
Sjå og aktivitetskalendar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380