Trimma som aldri før

Fin auke ved trimposten i Skihella

Fin auke ved trimposten i Skihella

Trimgruppa i Sunnylven IL har lagt saman tala for trimåret 2014 og registrert auke på nær 20 prosent frå i fjor.

Komande søndag blir det premiering for fjelltrimmen 2014 på Sunnylven samfunnshus. Og sunnylvingane har trimma meir enn noko år tidlegare.

Trimgruppa i Sunnylven IL har 25 postar ute både høgt og lavt i terrenget. I løpet av året vart det til saman registrert 13.554 besøk, ein auke frå 2013 på 19.9 prosent.

Shell-kaia, Sendaren Ringdal og Nedstevatnet har alle over 1300 besøk. Men hakk i hel kjem Berga og Stegholen med vel 1200 registreringar.

Frå statestikken til trimgruppa kan ein lese at også toppturar som Steimsnibba og Nokkenibba har stor prosentvis auke.

Her er alle postane med registrerte besøk og prosent i høve til 2013.

Sendaren Ringdal 1370, 43.0
Stegholen 1213, 5.4
Nedstevatnet, 1346, 29.8
Shell-kaia 1385, 19.7
Ljøbrekka 836, 33.3
Skaret 691, -8.6
Karbømarka 620, 31.4
Høgane 125, -82.4
Tronstadsætra 440, 20.9
Kjellstaddalen 618, 0.8
Hellebostadmarka 812, 48.2
Skihella 202, 83.6
Berga 1221, 108.4
Svarthammaren 557, 54.3
Steimsnibba 364, 26.8
Åsenakken 267, -6.3
Vatnedalen 145, 26.0
Liadalen 238, 76.3
Haugedalen 125, -19.4
Holedalen 153, 4.1
Sætre-sætra 158, 21.5
Fedalen 139, 0.7
Fagredalen 124, -17.9
Nausane 252, 29.2
Nokkenibba 153, 35.4

Mange besøkte Tronstadsætra

Mange besøkte Tronstadsætra

Nokkenibba, ein topptur som gjev 20 poeng.

Nokkenibba, ein topptur som gjev 20 poeng.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380