Triveleg Bacalaofest
Mange let TV-ruta vere svart laurdag og valde Bacalaofesten på Sunnylven samfunnshus i staden. Eit godt alternativ meinte mange.
Det var litt basarstemning på Sunnylven samfunnshus då Sunnylven Pensjonistlag og Sunnylven sanitetslag inviterte til bacalaokveld med underhaldning.
Rundt 70 møtte fram, mellom dei fleire frå Stranda Pensjonistlag. Timane gjekk fort og drøsen var god kring småborda.
-Vi har ikkje så mange programpostar, men det vi har er godt, sa dei to leiarane frå arrangørlaga, Astrid Langeland og Kari Hauso Stadheim, då dei helsa forsamlinga vel møtt. Det viste seg etter kvart at det ikkje var sjølvskryt.
For mange år sidan kom Edith Flakk frå Trøndelag og fann sin ektemake i nabobygda Øie i Hjørundfjorden. Her vart ho nærmast bergteken av den storfelte naturen, ei oppleving ho har formidla gjennom fleire sjølvlaga songar. Garden på Øie har både kyr og kalvar, ein hest og alt anna som høyrer med.
Edith Flakk lagar sin eigen sjokolade til Bondens Marknad, ho har ein hest ho har mykje glede av, men kanskje er ho mest kjent for å framføre sjølvskrivne songar.
Frå dei høge, majestetiske fjella i Norangsdalen har ho fått inspirasjon til mange av desse.
Under Bacalaofesten på Hellesylt laurdag fekk dei frammøtte høyre fire viser til musikk av Svein Erik Åmås frå Åmdal. Der viste ho også to «bildebrev» frå flott natur, det eine frå ein tur til Slogen og det andre av snøkledde tindar.
Flotte programinnslag som Edith Flakk hausta velfortent applaus for.
Mange var spente på kveldens rett, bacalao med ekstra poteter og loff. Den var laga ved Kobberstad catering i Hornindal og maten gjekk unna,
Alle fekk nok, men då var det lite igjen i dei store grytene.
Etterpå var det kaffi og kaker, før Svanhild Åsen helsa frå Stranda Pensjonistlag og takka for invitasjon og serveringa.
Festen baud også på allsong av ei velskriva vise, det var Quis-konkurranse, og åresal med trekking av fleire ti-talls gevinstar.
Til sist var det høve til svingom til musikk av Rolf Kobberstad i Rett Vest.