Barnehagen besøkte kyrkja

Born og tilsette i Sunnylven Barnehage tok turen til kyrkja torsdag. Der møtte dei soknepresten til ei samlingsstund med både forteljingar og julesongar.
Det har blitt tradisjon at barnehageborna tek ein tur til kyrkje i adventstida, fortalde Anne Marie Hauge, tilsett i Sunnylven Barnehage.
Torsdag besøkte 20 born frå 3 til 5 år Sunnylven kyrkje saman med fire tilsette. Der møtte dei sokneprest Stein Karstensen som hadde førebudd ein time med både forteljingar og song.
Ei varm og vakker kyrkje med levande ljos venta på dei unge kyrkjegåarane. Soknepresten leia an og fyrst samla alle seg i kortrappa for å tende det fyrste ljoset.
Så var det samling kring altartavla. Her fortalde Stein Karstensen forteljinga om då Jesus vart fødd og illustrerte det med figurar av både stall, folk og dyr. Den unge forsamlinga lytta og hadde sine små kommentar til forteljinga som dei tydeleg vis hadde kjennskap til frå før.
Samlinga vart avslutta med ei lita bøn før julesongen «Eit barn er født i Betlehem» tona høglydt ut. Heile tre vers kunne alle utan songbok, og sjeldan har nok songen vore høgare og flottare i kyrkja enn torsdag.
Då vi gjekk ut kyrkjedøra høyrde vi framleis glade barnestemme synge, då var det «O jul med din glede».